FQ Strategi

Ein strategi er ein planmessig måte å tilnærme seg ei problemstilling på. Ved at ein systematisk samlar riktig informasjon og gjev svar på «kvifor» nokon skal handle med bedrifta di, så legg du det gode grunnlaget for alt anna du gjer i marknadsarbeidet ditt. Ein strategi kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor grundig vi skal gå til verks i strategiarbeidet.

Enkel – frå kr 5900,-
Standard – frå kr 29900,-
Avansert – frå kr 99900,-
Skreddarsydd – frå kr 249900,-

FQ Konsept

Eit godt konsept presenterer systematisk, presist og inspirerande bodskapen din, anten det er for bedrifta di generelt eller ulike konsept spesielt. Det handlar om å spisse bodskapen og pakke denne inn riktig slik at ein fangar kunden si interesse. Eit konsept kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor omfattande prosess du ønskjer vi skal gjennomføre i konseptutviklinga.

Enkel – frå kr 9900,-
Standard – frå kr 29900,-
Avansert – frå kr 49900,-
Skreddarsydd – frå kr 99900,-

Innovation team

Mange bedrifter lever av å ligge i front i utviklinga av produktporteføljen. Dette er ofte veldig krevjande arbeid og det kan vere vanskeleg å vere systematisk og kreativ i ein hektisk kvardag. Vi i Frequency har lang erfaring med både å køyre prosessar og ikkje minst med å delta i utviklinga av nye produkt, og tilbyr difor kundane våre å kunne bistå i alle delar av innovasjonsprosessane med eit utviklingsteam.

Be om prosjektmøte

Gründerpakke

Vi kjenner gründerane veldig godt, for mange i teamet vårt er nettopp gründerar sjølve! Difor veit vi kor viktig det er å knyte til seg eit godt team som kan hjelpe deg gjennom den tøffe oppstartsfasen. Frequency kan vere eit slikt godt team å ha med på laget. Vi har laga denne gründerpakken for deg som vil ha ein god start for bedrifta di innan eit fornuftig budsjett. Innhaldet vert vi samde om innanfor ditt spesifikke behov.

Pris frå kr 5900,-

Grafisk design

Mange har stundom behov for smått og stort innan grafisk design i ei bedrift. Det kan til dømes vere at ein har behov til å sette opp ei stillingsannonse, utforme ei brosjyre, sette opp design på ein roll-up eller andre «kvardagsting». Her fungerer Frequency som din eigen grafiske designar der vi prøver å vere så tilgjengeleg som mogleg for deg når du treng assistanse innan designløysingar.

Frå kr. 950,-

FQ Profil

Ein heilskapleg profil er avgjerande for at bedrifta di skal framstå som ei samla og solid eining ut i marknaden. Ikkje berre skal profilen sjå bra ut, men han må òg sende den riktige bodskapen mot den riktige målgruppa. Ein profil kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor omfattande prosess du ønskjer vi skal gjennomføre i profilutviklinga.

Enkel – frå kr 4900,-
Standard – frå kr 15900,-
Avansert – frå kr 49900,-
Skreddarsydd – frå kr 99900,-

Logo

Logoen er sjølve sjela og hjartet av bedrifta sin profil utad. Ein god logo oppsummerer mykje av det du står for og det du ønskjer at marknaden skal oppfatte deg som. Difor bør ein legge sjela si i å lage ein logo som er tidsriktig og som sender den riktige bodskapen om verdiane dine, teamet ditt og produkta dine. Ikkje alltid enkelt, men vi kjem alltid i mål når vi jobbar godt saman!

Enkel logo frå kr 1990,-
Avansert logo frå kr 25900,-

Namneutvikling

Å finne det riktige namnet på bedrifta di kan anten vere veldig enkelt eller veldig vanskeleg. Av og til har ein gått med eit namn i hovudet lenge, og så viser det seg at dette kanskje er oppteke eller oppbrukt. Nokre gonger sit namnet utan ekstern hjelp. Andre gonger går ein systematisk til verks for å utvikle det riktige namnet for bedrifta gjennom ulike teknikkar. Det er viktig at namnet vert akseptert i marknaden, og namneutviklingsprosessen krev difor både kreativitet og presisjon. Vi kan hjelpe deg i prosessen!

Frå kr 5900,-

PROFILMANUAL

Ein bedriftsprofil sklir ofte ut i praktisk bruk, og den opphavelege gjennomtenkte planen bak profilen misser såleis litt av piffen. Dersom ein er flink med å lage ein manual på profilen sin, så har ein alltid eit felles dokument som alle må bruke i kvardagen. Slik skal visittkort sjå ut, slik skal brevark sjå ut, slik skal bilane sjå ut og så vidare. Ta godt vare på merkevara di gjennom å lage ein god profilmanual som ein er streng med å handheve!

Profilmanual frå kr 9900,-

FQ Web

I det digitale samfunnet vårt er ei god heimeside på Internett avgjerande viktig for å kunne vere tilgjengeleg for kundane til ei kvar tid. Heimesida bør vere av ein slik kvalitet at han speglar bedrifta di slik ho elles er organisert, og mange flotte bedrifter trynar med å ha nettsider som får ein til å framstå langt dårlegare enn ein faktisk er. Det handlar ikkje om pris, men om å vere bevisst på kva ein gjer og at ein gjer jobben skikkeleg. Ei heimeside kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor kompleks nettsida di treng å vere.

Enkel – frå kr 9900,-
Standard – frå kr 19900,-
Avansert – frå kr 35900,-
Skreddarsydd – frå kr 59900,-

FQ Film

Visuell kommunikasjon vert stadig viktigare i den digitale verda vår, og ein god film er ofte det som skal til for å få fram bodskapen din på ein presis og inspirerande måte. Vi har difor spesialisert oss på filmproduksjon på alle nivå, slik at vi klarer å fange essensen av bodskapen din i den riktige sjangeren, med den riktige kameraføringa, den riktige musikken og den riktige kjensla. Eit filmkonsept kan utviklast på mange nivå, så vi har difor utvikla desse ulike pakkane som gjer det enklare for deg å finne ut kor omfattande filmprosjekt du ser føre deg.

Enkel – frå kr 9900,-
Standard – frå kr 39900,-
Avansert – frå kr 99900,-
Skreddarsydd – frå kr 199900,-

Foto/Film

Av og til har du bruk for eit godt foto eller ein liten filmsnutt eller tre. Med mange års erfaring frå journalistikk og mediefoto, så kan teamet vårt hjelpe deg med små og store film- og fotooppdrag der målet er å dokumentere ei hending eller å stille opp det perfekte biletet av aktivitet og folk i bedrifta di.

Foto frå kr 490,-
Film frå kr 4900,-

3D-design

Den beste måten å presentere eit komande prosjekt på er gjennom 3D-design og animasjonar. Her har Frequency ein unik kompetanse både når det gjeld utøvande 3D-design og i oppbyggjinga av historier som gjev 3D-skissene meir verdi. Tenk kor flott det er å vise dei store visjonane dine akkurat slik du ser dei føre deg, for å inspirere kundar og partnarar til å bli med på prosjektet! 3D er meir kostnadseffektivt enn du trur, så ta kontakt så skal vi hjelpe deg med å trylle fram prosjektet ditt!

Frå kr 4900,-

Visittkort

Visittkortet er undervurdert som kommunikasjonsform. Ikkje berre er det ein kontaktskapar i overleveringsaugneblinken, men han held fram med å vere eit personleg bindeledd til kunden lenge etter at møtet dykkar er over. Vi meiner difor at ein bør legge litt flid og kvalitet i visittkortet, som vi ofte kallar den forlenga armen din ute i marknaden. Visittkortet er ikkje staden der du bør spare den siste tusenlappen i bedrifta!

Frå kr 1990,-

Magasin/Avis

Med mange års erfaring innan journalistikk og magasinproduksjon, så har Frequency eit komplett team som kan hjelpe deg med små og store publikasjonar. Kanskje har du behov for ei kundeavis, eit sentermagasin, eit magasin for eit område eller ei klynge eller kanskje eit bransjeblad? Vi har vore innom det meste, så snakk med oss!

Be om prosjektpris

Brosjyre/DM

Ei brosjyre er ein flott måte å fange kunden din si fulle merksemd. Dersom du køyrer ut ein DM (direktemarknadsføring) i postkassene til kundane dine, så får du ein augneblink med kunden der berre du og bodskapen din er i fokus. I dagens virrvarr av inntrykk, er desse augneblinka svært viktige for å posisjonere seg i marknaden og for å halde kunden interessert i produkta dine. Vi hjelper deg med kostnadseffektive løysingar innan brosjyrer og direktemarknadsføring!

Frå kr 14900,-

Dekor/Foliering

God dekorering av bedrifta di gjer eit stort inntrykk på kundane dine. Ein framstår svært heilskapleg når kontoret, bilen og lageret er korrekt dekoret ut frå profilen til bedrifta di. Vi kan hjelpe med å designe og montere dekor og foliering for bedrifta di, der ingen jobbar er for små og ingen jobbar er for store.

Frå kr 4990,-

Arbeidsklede

Profilerte arbeidsklede er svært viktig for mange ulike bedrifter, anten det er kontorarbeidarar som treng skjorter eller det er entreprenørar som treng kjeledressar. Her leverer vi ferdig designa klede frå mange kjente kvalitetsleverandørar. Vi har til dømes utvikla konseptet «Workwears» saman med NorTekstil i Måløy, der vi tilbyr komplette pakkar med arbeidsklede for bedrifta di.

Be om prosjektmøte

Gåve- og profileringsartiklar

Det finst eit stort utval ulike gåve- og profileringsartiklar frå eit stort utval leverandørar. Vi handterer heile prosessen for deg, slik at det vert enkelt å skulle skaffe julegåver, messemateriell eller andre produkt du treng i kontakt med kundane og dei tilsette. Kontakt oss med behovet ditt, så finn vi løysingar saman!

Be om prosjektmøte

Event/Messe/Stand

Ein av dei viktigaste måtane å kome i kontakt med kundane på er å delta på messer og ha eigne standar på ulike arrangement. Her får ein eit eige lite område som berre er sitt, der ein kan få gjort unna fleire titals møte på ein dag som det elles kunne ha teke månader å få gjennomført. Og ikkje minst møter ein ofte beslutningstakarar på ein heilt annan måte på ei messe! Difor har vi spesialisert oss på gjennomføring av messer saman med gode samarbeidspartnarar og leverandørar. ONS og NOR-FISHING er døme på messer der vi deltek som arrangørar.

Frå kr 3900,-

Annonseplassering

Frequency har i fleire år plassert store millionbudsjett for leiande aktørar i Noreg. Dette har gjeve oss innblikk i ulike mediekanalar som gjer at vi kan vere gode rådgjevarar og forhandlarar når ein skal gjennomføre ein annonsekampanje. Vi har tru på den gode mixen i marknadsføringa, og kan difor sy saman solide pakkar som gjev deg brei og presis målretting mot kunden på tvers av kanalar og mediehus. Her er det viktig å sjå på bruken både av lokale og nasjonale mediehus, sosiale medier, ulike plattformer og tilpassa bruk av bodskap. I stadig større grad veit vi mykje om kundane sin oppførsel, og gjennom store datamengder kan vi skreddarsy pakkar mot nettopp dei som er ute etter produktet ditt.

Be om prosjektmøte

Sosiale medier

Sosiale medier har vorte ein av dei viktigaste kanalane for spreiing av informasjon i dag, og alle bedrifter må på ein eller annan måte forhalde seg til denne røyndomen. Ein kanal som Facebook gjev unike måtar å kommunisere kostnadseffektivt på med kundane dine, men ofte krev dette at du legg ned eit godt grunnlagsarbeid og at du framstår nær og engasjert for kunden. Her har ein høve til å tenke utradisjonelt og byggje merkelojalitet gjennom å gje av seg sjølv og underhalde og inspirere samstundes som ein opplyser.

Frå kr 499,-

Tekst/Content marketing

Å produsere gode tekstar kan ofte vere eit problem. Anten har ein ikkje tid, eller så manglar ein kanskje evna til å formulere ein bodskap riktig. Frequency har mange års erfaring innan journalistikk og reklametekst, og kan hjelpe deg med små og store oppdrag. Det kan anten vere utvikling av slagord og liknande små konkrete tekstar, eller produksjon av artiklar, nettbaserte saker, brosjyreinnhald, kundemagasin, søknader og eventuelt lengre tekstar om ønskjeleg.

Frå kr. 950,-

Marknadsundersøking

Før du skal inn i ein marknad, er det viktig at du er orientert om dagens marknad og om potensialet i nye marknadssegment. Frequency har mange års erfaring med forretningsutvikling innan både nye og tradisjonelle marknader, og vi har ulike systematiske metodar for å kunne kartlegge marknadspotensialet for produktet ditt på ulike grundigheitsnivå. Berre det å spørje konkrete kundar om dei ønskjer produktet ditt kan vere ein fin måte å skaffe seg både innsikt og kundeemne på.

Frå kr. 5900,-

Bilpromo

Vi elskar bil! I mange år har Frequency produsert redaksjonelt forbrukarstoff om nye bilar, både for lokalaviser og i eigne publikasjonar. Vi har testkøyrt hundrevis av bilar, vi har skrive omtalane, teke bileta og filma nye bilar med følgjebil. Vi byggjer promoteringspakkar for deg som skal selje nye og/eller brukte bilar. Evt om du vil ha fram det øvrige tilbodet i verksemda di. Pakkane kan inkludere alt frå innhaldsproduksjon til spreiing i ulike mediekanalar og på sosiale medier.

Frå kr. 4990,-

Management for hire

For mange bedrifter strekk ikkje alltid tida til, og det er heller ikkje uproblematisk å skulle tilsette nye folk. Ofte er det snakk om deltidsstillingar, og i mange tilfelle får ein berre eit avgrensa kompetansefelt hos den tilsette. I og med vi i Frequency har eit breitt kompetansefelt innan drift og organisering i næringslivet, så tilbyr vi å kunne leige ut kompetanse anten på timebasis eller som engasjement over tid. Ein kan då få eitt kontaktpunkt i bedrifta, men likevel spele på kompetansen til heile Frequency-teamet.

Be om prosjektmøte