Geir Arne Solheim

Ha kjærleik i alt du kommuniserer

Etter 25 år i medie- og kommunikasjonsbransjen har styreleiar i Frequency AS, Geir Arne Solheim, lært ein viktig ting: ein må ha kjærleik i alt ein gjer! – Gløym pengejaget og tenk heller at bedrifta di skal gjere nytte for seg i samfunnet. Vis kundane dine at du set deira behov i høgsetet. Om du kommuniserer med kjærleik, så trur eg du skaper betre – og ikkje minst fleire – kunderelasjonar, seier Solheim.

Geir Arne Solheim har bygd seg opp ein solid kompetanse på mange område dei siste 26 åra. Han grunnla teknologiselskapet Havkraft i 2009 og har oppfunne og utvikla dei marknadsleiande bølgjekraftteknologiane H-WEC og Powerbooster som ein finn i produkt som HAVKRAFT N-CLASS og HAVKRAFT O-CLASS. Han har grunnlagt kommunikasjonsbyrået Frequency, holdingselskapet Geir Arne Solheim Management, industriselskapet Havkraft Solutions og investeringsselskapet Nordikraft. Han har vore seniorkonsulent for fornybarselskapet ReNorway og innovasjonsselskapet Tinkr, har etablert Operation Archery E-sports og bidrege i oppstarten av Vestlandet E-sport.

Solheim har delteke i politikken både nasjonalt, regionalt og kommunalt gjennom 29 år. Han har òg suge til seg kunnskap og inspirasjon gjennom fleire organisasjonsverv lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, mellom anna som styreleiar i Forum for Grøn Energi, styreleiar i Nordfjord Vekst, styreleiar i Velkommen til Deknepollen, nestleiar i Nordfjord Opplæringskontor, styremedlem i Nordfjordakademiet, styremedlem i Sogn og Fjordane Næringsråd og som norsk representant i IEA-OES. Ja, han heldt til og med ein presentasjon under TED sitt globale klimainitiativ Countdown i 2020 saman med kapasitetar som Chris Hemsworth, Mark Ruffalo og Al Gore! Og ikkje minst er han trommis, basist, tekstforfattar og låtskrivar i rockebandet Grimskull! Utdanninga hans er innan viktige fag som historie, norsk språk og samfunnsfag. Ein god miks av erfaringar, altså, som bidreg til å kunne gje kundane til Frequency konsept med djup innsikt og høg kvalitet.

– Det er alltid noko å lære og eg trur sterkt på å leite etter inspirasjon og kunnskap både i dei små og nære relasjonane og dei store og komplekse. Men det kan òg bli for mykje av det gode til tider, vedgår Solheim med eit smil.

Den gylne leveregel
Kor viktig god kommunikasjon er finn du ut ved å sjå kor farleg det er med dårleg kommunikasjon! Krigar kunne ha vore unngått dersom ein hadde kommunisert betre mellom nasjonane, i alle fall om ein la kjærleiken til grunn i samhandling med andre personar.

– Gjer mot andre det ein vil at andre skal gjere mot deg. Det er ein fin leveregel. Personleg ønskjer eg at folk skal vere litt meir romslege med kvarandre. I staden for å tru det verste om handlingane til medmenneska dine, så prøv heller å forstå. Det er så mykje gale som skjer på bakgrunn av dårleg kommunikasjon, meiner Solheim.

Ærlegdom varer lengst
Sjølv driv han reklame- og kommunikasjonsbyrået Frequency nettopp fordi det er så viktig å få fram den riktige bodskapen. Næringslivet er ikkje noko annleis enn samfunnet forøvrig såleis. Vi treng eit næringsliv som går godt og skaper trygge arbeidsplassar, og då er det viktig at bedrifta frå topp til tå er ærlege og kan levere på det ein kommuniserer.

– Vi i Frequency deltek ofte i utforminga av strategiar, design og tekstar som skal forklare bedriftene sine unike salspoeng, slik at kundane blir inspirerte til å handle. Eg tykkjer det er viktig å vere ærleg i bodskapen, for kunden snur fort i døra dersom du har lovd dei eit slott og leverer ei rønne. Dei fleste bedrifter har noko veldig bra ved seg, og det er dette vi leitar etter når vi set oss ned saman og byrjar jobbe i lag, fortel Geir Arne Solheim.

Frequency er sett saman av eit dusin medsarbeidarar på Vestlandet som er nær kunden i kvardagen og som alle har unike eigenskapar som ein tek med seg inn i dei ulike reklameoppgåvene ein får. Frequency gjer ikkje skilnad på om det er butikken på hjørnet eller store nasjonale selskap som nyttar seg av tenestene. For kvar einskilt kunde er nettopp deira opp-drag verdas viktigaste, og det har Frequency stor respekt for.

Send oss ei melding