Vi hjelper deg å nå målet
Vi har ei verktøykasse som kan hjelpe deg med kreativ merkevarebyggjing og lønsam marknadsføring slik at du når målet ditt i marknaden.
Frequency – Vi spelar bedrifta di god!
Design på trykk og nett
Film og foto
Din støttespelar i marknadsføringa
Ei viktig reise mot suksess
Repeterande frekvens i dei rette kanalane er avgjerande for merkevarebygging. Dette for å skape ein identitet og skille seg ut i marknaden.
This is your captain speaking
Frequency AS i Nordfjord består av eit team med marknadsføringspilotar med høg kompetanse over heile breidda i marknadsføringsfaget. Det starta i det små i 1996 då gründer Geir Arne Solheim starta i mediebransjen, og berre to år seinare starta han sitt eige konsulentfirma. Sidan 2012 har marknaden kjent dette firmaet som Frequency AS, der over 500 lokale kundar årleg dreg nytte av kompetansen som er bygd opp i bedrifta gjennom mange år. Du kan godt seie at mange kundar ser på Frequency AS som «litt sitt». Vi har valt å kalle oss marknadsføringspilotar fordi vi handterer til dels komplekse prosessar i marknaden. Bestillinga frå kundane våre er klar: skap størst mogleg marknadseffekt med eit lågast mogleg budsjett, og dette har vi levert på i mange år!
Ved å vere marknadsføringspilotar så skal vi ha god oversikt over alt frå tenkefasen til å skape kvalitetsprodukt som blir distribuert til den rette målgruppa. Gjennom høg kompetanse på fagområde som design, filmskaping, innhaldsproduksjon, annonseplassering, trykksaker og nettsider så har vi god innsikt i kva som skal til for å få kundane dine til å handle. Det handlar om å tenke, skape og inspirere! Vi heiar på dei lokale bedriftene og vårt mål er å spele deg og bedrifta di god slik at du når dine mål. Med Frequency AS som din marknadsføringspilot så kan vi hjelpe deg med å ta av i marknaden, vi bidreg til å gje bodskapen din luft under vengjene, vi hjelper til med å ta merksemda rundt bedrifta di til nye høgder, vi bidreg til å få ideane dine til å fly og vi hjelper deg med å lande kundeavtalene trygt.
Geir Arne Solheim
Eigar og senior marknadsføringspilot
Vi styrer deg mot målet
Vi er eit team med kreative og effektive designarar, fotografar og produsentar med stor lokalkunnskap og engajsjement som blir reflektert i arbeidet vi gjer. Vi møter ditt behov med friske ideer, og våger å gå nye vegar for å vise deg fram i marknaden på best mulig måte.
VÅR ARBEIDSMETODE
TENKE: Vi hjelper deg med å danne eit godt fundament for marknadsarbeidet gjennom eit balansert og godt kommunikasjonsgrunnlag internt i organisasjonen.
SKAPE: Vi hjelper deg med å produsere marknadsmateriell av høg kvalitet til ein fornuftig pris, slik at du kan fortelle historien din på den beste måten i marknaden.
INSPIRERE: Vi hjelper deg med å synleggjere bodskapen i marknaden slik at kundane dine vert inspirerte til å handle med deg!
Kontakt og support
Ta gjerne kontakt med ein av våre marknadsføringspilotar
Passasjer-liste
Nokre av våre gode kundar