Om Oss
Frequency har lang erfaring i bransjen. Les meir om bedrifta si historie under her.
Frequency AS i Nordfjord består av eit team med marknadsføringspilotar med høg kompetanse over heile breidda i marknadsføringsfaget. Det starta i det små i 1996 då gründer Geir Arne Solheim starta i mediebransjen, og berre to år seinare starta han sitt eige konsulentfirma. Sidan 2012 har marknaden kjent dette firmaet som Frequency AS, der over 500 lokale kundar årleg dreg nytte av kompetansen som er bygd opp i bedrifta gjennom mange år. Du kan godt seie at mange kundar ser på Frequency AS som «litt sitt». Vi har valt å kalle oss marknadsføringspilotar fordi vi handterer til dels komplekse prosessar i marknaden. Bestillinga frå kundane våre er klar: skap størst mogleg marknadseffekt med eit lågast mogleg budsjett, og dette har vi levert på i mange år!
Ved å vere marknadsføringspilotar så skal vi ha god oversikt over alt frå tenkefasen til å skape kvalitetsprodukt som blir distribuert til den rette målgruppa. Gjennom høg kompetanse på fagområde som design, filmskaping, innhaldsproduksjon, annonseplassering, trykksaker og nettsider så har vi god innsikt i kva som skal til for å få kundane dine til å handle. Det handlar om å tenke, skape og inspirere! Vi heiar på dei lokale bedriftene og vårt mål er å spele deg og bedrifta di god slik at du når dine mål. Med Frequency AS som din marknadsføringspilot så kan vi hjelpe deg med å ta av i marknaden, vi bidreg til å gje bodskapen din luft under vengjene, vi hjelper til med å ta merksemda rundt bedrifta di til nye høgder, vi bidreg til å få ideane dine til å fly og vi hjelper deg med å lande kundeavtalene trygt.
Geir Arne Solheim
Eigar og senior marknadsføringspilot