«Snakk om flaks!»

«Når du ikkje berre skal stole på flaksen i marknadsarbeidet». Slik er slagordet til Frequency. Reklamebyrået som gjer deg moglegheiten til å fortelje di historie på rett måte, til dei rette kundane og til ein fornuftig pris.  

Nokre menneske når sine mål oftare enn andre. Og lettare, likar vi å tru. Sanninga er at bak flaks ligg det oftast mykje hardt arbeid. Desse menneska har ofte mot og evntil å tenkje både med hovudet, magen og hjartet. Mange gode idear har truleg gått tapt fordi tida var for knapp, målet for vagt eller motet var for lite.  

Warren Buffet sa: «Tid er vennen til ei fantastisk bedrift, og fienden til ein middelmådig ei».  

Dei fleste som har lukkast, har truleg gått på tryne fleire gongar, reist seg, lært og hatt evna til å handtere motgang og motstand. Dei har betalt prisen i tid, dedikasjon og trening. Det seiast at det ikkje er tilfeldig kven som har flaks. Og dei som trenar mest, har truleg også mest flaks. 

Vi har motet til å ta oss den tida vi treng med di bedrift for å lukkast, og ikkje minst hjelper vi deg med ein tydeleg strategi. Det å ha ein god plan er heilt essensielt for å nå sine definerte mål. Samtidig må ein raskt kunne legge planen død om den ikkje fungerar. Vi seier ikkje at vi treff med alt vi gjer, men vi treff ofte. Og akkurat det er ikkje tilfeldig! 

Mange bedrifter veit kva dei skal levere, men ikkje kvifor. Dette er tanken som ligg bak mykje av det arbeidet vi i Frequency gjer kvar einaste dag. Har du gjort deg nokre refleksjonar over kva som er grunnen til at du gjer dine val i kvardagen? Truleg er svaret samansett og ulikt både med tanke på situasjon, korleis valet blir presentert for oss og kva informasjon som er tilgjengeleg.  

Vi ynskjer kundelojalitet over tid, og vi har eit mål om at vi er den du tenkjer på når du treng hjelp til alt frå visittkort, reklamefilm, foto, bedriftsstrategi, brosjyrer, nettside, messestand og liknande. Og då kan heller ikkje vi basere oss på flaksen. 

Ta gjerne kontakt med oss for ein forpliktande prat. Brukar ein tid og krefter saman, ynskjer ein å få eit resultat og noko som forpliktar. Saman kan vi skape noko som aldri før har eksistert. Er ikkje det ein flott tanke? Tenke, skape og inspirere!